4-årsbok

4-årsbok

Samlingsstund og utdeling av 4-årsbøker i september.

 

4-årsboka består no av to bøker; ei tekst- og songbok og ei arbeidsbok. Hovudboka blir utdelt på ei gudsteneste. Laurdag før gudstenesta blir bøkene presentert for 4-åringane i ei eiga samlingsstund. Laurdagssamlinga blir arrangert i tre av kyrkjene våre. Song, forteljing og skattejakt står på programmet. Invitasjon kjem i posten. Påmelding her!

Hamre: Laurdag 16.september kl.11-13. Søndag 17.september kl.11.00
Hosanger:
Laurdag 16.september kl.16-18. Søndag 17.september kl.16.00

Bruvik: Søndag 17.september kl.11.00. Samlingsstund i Hamre/Hosanger 16.september (sjå tid over) eller Gjerstad kyrkje laurdag 23.september kl.11.00

Gjerstad: Laurdag 23.september kl.11-13 og søndag 24.september kl.16.00
Haus: Laurdag 23.september kl.11-13 samlingsstund i Gjerstad kyrkje. Utdeling søndag 24.september kl.11.00 i Haus kyrkje


Del denne artikkel på e-post