Kode B for 5.klassingar 2.februar

Kode B for 5.klassingar 2.februar

Ein kjekk dag på Raknestunet for 5.klassingar.

Kode B

Tid: 2.februar 2018 (planleggingsdag for skulane) kl.10-16

Stad: Raknestunet

Dersom du blir 11 år i 2018, håpar me du har lyst å vera med på Kode B, som blir arrangert for tredje gong på Osterøy. 5.klassingar på Osterøy får Det nye testamentet, Godt nytt, utdelt i kyrkja si i løpet av skuleåret. Kode B kan hjelpa deg å bli betre kjent med denne boka. På Kode B blir det song, dans, filmsnutt, leik, quiz, forteljing og servering av frukt og middag. Kr.50,- betalar ein ved inngangen. Du må ha med deg skikkeleg yttertøy til uteaktivitet. Håpar å få møta deg på Raknestunet 2.februar!

Utdeling av Det nye testamentet, Godt nytt:

I Haus- og Gjerstad kyrkje var utdeling av Godt nytt på Lys Vaken før jul. Dei som ikkje har fått Godt nytt, kan møta i Hamre kyrkje søndag 4.februar kl.11 eller i Hosanger kyrkje søndag 4.februar kl.16.  

Påmelding her!


Del denne artikkel på e-post