Tårnagenthelg i Bruvik kyrkje 9.-10. juni 2018

Tårnagenthelg i Bruvik kyrkje 9.-10. juni 2018

Vil du bli tårnagent?

9.-10. juni er det kanskje din tur til å vera tårnagent? Då er det tårnagenthelg i Bruvik kyrkje.

Tårnagentane får utforska kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene. Dei får vera med på mange kjekke aktivitetar og får viktige oppdrag.

Agentane får si eiga avis og det blir servert tårnagentpizza.

Agentane møter til agentmøte i kyrkja laurdag kl.16.00. Agentsamlinga er ferdig kl.20.00.

Søndag møter dei kl. 10.00 og deltar på gudsteneste kl.11.00-12.15

Det blir kjekt å møta alle tårnagentane!

 


Del denne artikkel på e-post