Osterøy kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Taize-kveldsbønn i Bruvik kyrkje hausten 2019

Taize-kveldsbønn i Bruvik kyrkje hausten 2019

Det vert fleire stemningsfulle samlingar med Taize-kveldsbønn i Bruvik kyrkje denne hausten. Ta turen til Bruvik!

 

 

Samlingane vert følgjande datoar:

Fredag 20. september kl. 19.45

Torsdag 18. oktober kl. 19.45

Fredag 22. november kl. 19.45

 

 

Taize er ein landsby i Frankrike. Eit tverrkyrkjeleg klostersamfunn held til i byen. I dette miljøet  er ein  opptekne av å be om forsoning mellom splitta kristne og fred i verda.

 

Ei rekke songar, som gjerne inneheld bøner henta frå Bibelen, har blitt til i Taize-fellesskapet. Songane er ofte av mediterande karakter og repeterast mange gonger når dei vert brukt. Det går difor ganske kjapt å lære seg dei.

 

Taize-kveldsbønn består av song og musikk, samt lesing frå Bibelen. Det er den tsjekkiske familien Michalek som leier kveldsbønnen gjennom ord og tonar.

 

Velkommen til ei roleg, stemningsfull bønnesamling med mykje vakker song og musikk!


Del denne artikkel på e-post