Kontakt for kvar grav

Kontakt for kvar grav

Kyrkjeleg fellesråd har ansvar for gravplassane på Osterøy. Vi gjer det vi kan for å halde dei så fine som mogeleg. Men gravminnene, gravsteinane, er familiane sin eigedom. Derfor treng vi å få kontakt med den i familiane som er eller vil ta på seg å vere ansvarleg for grava. Vi har slik informasjon for mange av gravene. Vi treng informasjonen mellom anna for å kunne ta kontakt om ein gravstein veltar eller blir ståande skeivt. Slikt skjer ofte på vinterstid, om det er mykje frost. Vi treng og å kome i kontakt med den ansvarlege om eller når det er tid for å slette ei grav.

Raude lappar

I september vil fellesrådet merke dei gravene vi manglar kontaktperson til. Vi har valgt ei løysing med raude lappar, som vi vil feste på gravene. Desse lappane vil bli ståande i eit år. Det vil vere fint om ein i familiane blir einig om kven som skal vere kontaktperson/ansvarleg for grava, og melder det inn til kyrkjekontoret. Ein kan nytte telefon, epost eller berre sende ei kort melding i posten, slik at vi kan få registrert dette i datasystemet vårt. Eit skjema du kan skrive ut og sende oss, finn du HER! På nokre gravplassar og nokre felt manglar vi nesten all informasjon. Vi seier oss leie for at det kan bli skjemmande med mange raude lappar, men jo raskare vi får registrert ein kontaktperson, jo raskare kan vi fjerne lappane.

Når du skal melde inn namn på kontaktperson, så må vi og få vite navnet på den gravlagde (eventuelt siste gravplagde, om det står fleire namn på gravsteinen), fødselsdato og kva gravplass det gjeld. For kontaktpersonane treng vi namn, adresse og fødselsdato.

 

Kva skjer med gamle graver?

Vedtektene for gravplassane (kyrkjegardane) på Osterøy seier at ei grav er freda dei første 30 åra etter gravlegging. På nokre nyare felt er denne tida berre 20 år. Etter at denne tida er omme, kan familien behalde (feste) gravstaden heilt fram til det er gått 60 år sidan gravlegginga. Om ein vil behalde grava lenger, kan det berre skje etter samtykke frå kyrkjeleg fellesråd.

Etter 30 år kan ei grav nyttast på ny. Når det minkar på ledige graver på enkelte gravplassar, ser vi om det finst graver som er gått ut, og som ikkje er festa etter at fredingstida er gått ut. Desse gravene står fellesrådet fritt til å slette og bruke om att. Hadde vi hatt ein kontaktperson, så kunne vi tatt kontakt, og kanskje ville nokon i familien ønskje å behalde gravstaden vidare?

 

Vedtekter for kyrkjegardane / gravplassane på Osterøy kan ein finne i kyrkjene og HER.  Der kan du finne litt meir informasjon.  Vi planlegg og å legge ut kart over gravplassane på nettsida i september. Det kan vere nyttig, når ein skal finne fram til ei grav men ikkje er sikker på kor ligg.


Del denne artikkel på e-post