Nytt golvteppe i Hauskyrkja

Nytt golvteppe i Hauskyrkja

Nytt golvteppe er på plass i Hauskyrkja.

På vårparten i fjor samla kyrkjelyden i Haus inn pengar til nytt teppe i kyrkja. Saman med fellesrådet har ein no fått på plass nok midlar til å sette i gang arbeidet.
Det gamle teppet var heilt klart for utskifting. No i mars er Teppehuset as i ferd med arbeidet. På gudstenesta 26. mars vil kyrkjelyden trø inn på det nye teppet for første gong.
Vi rettar ei stor takk til alle som har gitt ei gåve til dette.


Del denne artikkel på e-post