Invitasjon til 50-årskonfirmantjubileum i Gjerstad

Invitasjon til 50-årskonfirmantjubileum i Gjerstad

Den 11. juni for 50 år sidan var det konfirmasjonsdag  med 38 konfirmantar i Gjerstad kyrkje, og mellom desse finn vi ditt namn.  Det har vorte tradisjon å lage ei samkome for 50-års konfirmantane. Det gjer vi og i år.  Denne gongen blir markeringa søndag 1. oktober 2017.

Dagen startar med gudsteneste klokka 11.00 i Gjerstad kyrkje. Namna på alle 50-årskonfirmantane vert lesne opp, og dei som er til stades, kjem fram og stiller seg opp. Noko ”overhøyring” vert det ikkje! Men om nokon er frimodige, kjem vi til å spørje om de har spesielle minne frå konfirmasjonsdagen, til dømes ver og vind, og om de hugsar kva presten spurte om i overhøyringa. Etter gudstenesta kjem fotograf for å ta eit gruppebilete. 

Så vert det ei samling på Osterøykroa i Lonevåg, med servering av god mat.  Under og etter måltidet kan de få friska opp att gamle minne, og kanskje vil nokon fortelje litt om konfirmasjonstida slik de opplevde ho. Om nokon har foto, minnebøker eller liknande, er det fint om de tek det med. Elles vil vi presisera at det ikkje på noko tidspunkt vil vera slik at ein er nøydd å seie noko høgt, og vi legg ikkje opp til presentasjonsrunde der ein skal fortelje livshistorie eller korleis ein har det.

Vi håper at så mange som mogeleg har høve og lyst til å koma! Ektefelle/sambuar er også velkomen til å vera med på samlinga.  Eller du kan ta med ein venn eller ei venninne om du ikkje vil koma åleine.

 Pris for å delta på festen etter gudstenesta er om lag kr 500,- pr. person.

 På grunn av matserveringa ynskjer vi å få vita kor mange som kjem – påmelding innan 17.september.

Her melder du deg på (link til påmelding)

Merk av om du har nokon med deg.

 

Du kan også ringe kyrkjekontoret, tlf 56 19 22 80, eller Reidun Vevle, tlf 4108 7025.

Med helsing

Gjerstad sokneråd, v/ Reidun Vevle                                      Arvid Fosse (vikar for sokneprest)


Del denne artikkel på e-post