Invitasjon til 50-års konfirmantjubileum i Hamre kyrkje, 18.juni

Invitasjon til 50-års konfirmantjubileum i Hamre kyrkje, 18.juni

Ny påmeldingsfrist: 8. juni (grunna forseinka utsending av brev)

Den 25. juni for 50 år var det konfirmasjonsdag med 26 konfirmantar i Hamre kyrkje, og mellom desse finn vi ditt namn.  Det har vorte tradisjon å lage ei samkome for 50-års konfirmantane. Det vil skje i år også.  Denne gongen blir markeringa søndag 18. juni.

Dagen startar med gudsteneste klokka 11.00 i Hamre kyrkje. Namna på alle 50-års konfirmantane vert lesne opp, og dei som er tilstades kjem fram og stiller seg opp. Noko ”overhøyring” vert det ikkje! Men om nokon er frimodige, kjem vi til å spørje om de har spesielle minne noko frå konfirmantdagen, til dømes vær og vind, og om de hugsar kva presten spurte om i overhøyringa. Etter gudstenesta kjem fotograf Solberg for å ta eit gruppebilete.

Så steller Hamre sokneråd i stand samling på Eldresenteret på Valestrand, med servering av god mat.  Under og etter måltidet kan de få friska opp att gamle minne, og kanskje vil nokon fortelje litt om konfirmasjonstida og om livet etter konfirmasjonen. Om nokon har foto, minnebøker eller liknande, er det fint om de tek det med. Elles vil vi presisera at det ikkje på noko tidspunkt vil vera slik at ein er nøydd å seie noko høgt, og vil legg ikkje opp til presentasjonsrunde der ein skal fortelje livshistorie eller korleis ein har det. Men vi kjem til å ta ein runde der alle frå dei ulike skulekretsane blir presenterte i lag på ein uhøgtidleg måte.

Vi håper at så mange som mogleg har høve og lyst til å koma! Ektefellar/sambuarar er også velkomne til å vera med på samlinga.  Eller du kan ta med ein venn eller ei venninne om du ikkje vil koma åleine.

Pris for å delta på festen etter gudstenesta ikkje avklart, men vil truleg koste rundt 400 kroner pr. person.

På grunn av matserveringa ynskjer vi å få vita kor mange som kjem – påmelding innan 8. juni
Påmelding gjer du på nettsida: www.osteroy.kyrkja.no.

Klikk her for å melde deg på!

eller:
Oppe til høgre på sida finn du påmelding.
Klikk på den og vel «Påmelding 50-årskonfirmantjubileum».
Du kan også ringe kyrkjekontoret, om du vil det, på telefon 56 19 22 80.

Med helsing
Hamre sokneråd - Inge Sørheim
Sokneprest

 
Her er ei liste over alle som vart konfirmerte i 1967 og sist kjende adresse . Det kan vere feil på lista. Ver venleg å hjelp oss dersom de veit meir enn det vi veit!

1.    Bjarte Birkeland, Reigstadåsen, 5281 Valestrandsfossen
2.    Steinar Birkeland, Raknesvågen 928, 5281 Valestrandsfossen
3.    Terje Birkeland, Reigstad N, 5281 Valestrandsfossen
4.    Arne Bognøy – død
5.    Arne Johan Burkeland, Burkelandsvegen 86, 5281 Valestrandsfossen
6.    Per Morten Hamnes, Karl Johans vei 55, 7100 Rissa
7.    Jørn Cato Isvik – død
8.    Tor Magne Mostrøm, Reigstad N, 5281 Valestrandsfossen
9.    Eiliv Tepstad, Torvastadvegen 274, 4260 Torvastad
10.    Jan Steinar Pedersen, c/o Truls Andre Pedersen, Kringsjåveien 99, 5163 Laksevåg
11.    Inge Johannes Reigstad, Solbjørgsdalen 131, 5282 Lonevåg
12.    Jens Andreas Reigstad, Hamrenesvegen 72, 5281 Valestrandsfossen
13.    Svein Reigstad, Hjellvikvegen 76, 5281 Valestrandsfossen
14.    Arne Idar Sleire, Morvikveien 91, 5124 Morvik
15.    Ingve Århus, Burkelandsvegen 80, 5281 Valestrandsfossen
16.    Åshild Abbedissen, Solbjørgsdalen 117, 5282 Lonevåg
17.    Bodil Eikeland – død
18.    Aud Elvik Nilsen, Hanøyvegen 607, 5310 Hauglandshella
19.    Jorunn Flesland, Nordre Drivenes 59, 5397 Bekkjarvik
20.    Anne-Beth Hjellvik Tepstad, Bysheimkleivane 21, 5282 Lonevåg
21.    Anlaug Hustrulid Bøe. Hamrenesvegen 1010, 5281 Valestrandsfossen
22.    Elin Mjelstad – død
23.    Eva Reigstad, Fjellveien 15 A, 4838 Arendal
24.    Eli Valestrand Presttun, Stallane 47, 5914 Isdalstø
25.    Marit Valestrand Edvardsdal, Valestrandsvegen 322, 5281 Valestrandsfossen
26.    Ragni Valestrand, Skjerpeslunden 10, 5710 Skulestadmoen


Del denne artikkel på e-post