Invitasjon til 50-års konfirmantjubileum i Hosanger kyrkje 25. juni

Invitasjon til 50-års konfirmantjubileum i Hosanger kyrkje 25. juni

Den 25. juni for 50 år var det konfirmasjonsdag med 45 konfirmantar i Hosanger kyrkje, og mellom desse finn vi ditt namn.  Det har vorte tradisjon å lage ei samkome for 50-års konfirmantane. Det vil skje i år også.  Denne gongen blir markeringa nøyaktig 50 år etter, søndag 25. juni.

Dagen startar med gudsteneste klokka 11.00 i Hosanger kyrkje. Namna på alle 50-års konfirmantane vert lesne opp, og dei som er tilstades kjem fram og stiller seg opp. Noko ”overhøyring” vert det ikkje! Men om nokon er frimodige, kjem vi til å spørje om de har spesielle minne noko frå konfirmantdagen, til dømes vær og vind, og om de hugsar kva presten spurte om i overhøyringa.  Etter gudstenesta kjem fotograf Solberg for å ta eit gruppebilete.

Frå klokka 13.30 vert det ei samling på Fjordslottet i Fotlandsvåg, der vi får nyta deira fantastiske mat.  Under og etter måltidet kan de få friska opp att gamle minne, og kanskje vil nokon fortelje litt om konfirmasjonstida og om livet etter konfirmasjonen.  Om nokon har foto, minnebøker eller liknande, er det fint om de tek det med. Elles vil vi presisera at det ikkje på noko tidspunkt vil vera slik at ein er nøydd å seie noko høgt, og vil legg ikkje opp til presentasjonsrunde der ein skal fortelje livshistorie eller korleis ein har det. Men vi kjem til å ta ein runde der alle frå dei ulike skulekretsane blir presenterte i lag på ein uhøgtidleg måte.

Vi håper så mange som mogleg har høve og lyst til å koma!  Ektefellar/sambuarar er også velkomne til å vera med på samlinga.  Eller du kan ta med ein venn eller ei venninne om du ikkje vil koma åleine.

Pris for maten er om lag 400 kroner pr. person, og vi glade for at Fjordslottet tilbyr oss ein svært god pris.

På grunn av matserveringa ynskjer vi å få vita kor mange som kjem – påmelding innan 8. juni.

Påmelding gjer du på nettsida: www.osteroy.kyrkja.no.

Klikk her for å melde deg på!

eller:

Oppe til høgre på sida finn du påmelding. Klikk på den og vel «Påmelding 50-årskonfirmantjubileum».
Du kan også ringe kyrkjekontoret, om du vil det, på telefon 56 19 22 80.

Med helsing
Hosanger sokneråd - Inge Sørheim
Sokneprest
 


Her er ei liste over alle som vart konfirmerte i 1967 og sist kjende adresse . Det kan vere feil på lista. Ver venleg å hjelp oss dersom de veit meir enn det vi veit!

1.    Ove Arne Bernes, Bernes Indre, 5283 Fotlandsvåg
2.    Svein Jarle Bernes, Bernesvegen 166, 5283 Fotlandsvåg
3.    Jostein Magne Birkeland, Osterøyvegen 3257, 5284 Tyssebotnen
4.    Kåre Bjørndal, Kolåshøyen 35, 5135 Flaktveit
5.    Herleif Dalland, Dyrhovden 27 A, 5993 Ostereidet
6.    Bjørnar Eide, Høghøyen 4, 5913 Ostereidet
7.    Per Eide, Hetletveitvegen 57, 5993 Ostereidet
8.    Gunnstein Fotland, Fotlandsvegen 1161, 5283 Fotlandsvåg
9.    Leif Harald Myhr, Ikeland 94, 5912 Seim
10.    Terje Kleppe, Tjordal 34, 5570 Aksdal
11.    Svein Nese, Øvsttunvegen 6, 5223 Nesttun
12.    Arne Karl Steinstø, Modalen 1559, 5729 Modalen
13.    Hans Magne Stusdal, Hjortefaret 23, 6814 Førde
14.    Alv Magnus Tysse, Knuthaugsvegen 18, 5284 Tyssebotnen
15.    Ove Urdal, Dalen 20 H, 5416 Stord
16.    Arne Birger Vare, Varevegen 110, 5283 Fotlandsvåg
17.    Øystein Ånensen, Bjørndalen 97, 5993 Ostereidet
18.    Marit Baug Hirsch, Skjellestadhagen 9, 1389 Heggedal
19.    Elin Bernes Kallekleiv, Kalleklauvegen 134, 5282 Lonevåg
20.    Audhild B. Kysnes, Svartefjorden 120, 5244 Fana
21.    Elin Bruvik, Rolvsvågen 39, 5652 Årland
22.    Ingrid Olina B. Hop, Våkleivbrotet 32, 5155 Bønes
23.    Toril Dalland Kvammen, Eidavegen 542, 5993 Ostereidet
24.    Margun Lise Eide, Eknes 97 A, , 5993 Ostereidet
25.    Aashild Margareth E. Kleiven, Ladberget 9, 5993 Ostereidet
26.    Rannveig Anny E. Reikerås, Eknes 95, 5993 Ostereidet
27.    Kari F. Berrum, Nedre Toppenhaug 11, 1353 Bærums Verk
28.    Bjørg Helga F. Eskeland, Tollnesjordet 13, 3740 skien
29.    Brita Randi F. Gjelsvik, Haukedalsveien 110, 5113 Tertnes
30.    Aase Gjelsvik, Søndre Skogveien 89, 5055 Bergen
31.    Anne Haukøy Nesse, Festevegen 273, 5912 Seim
32.    Gerd Ingveig H. Mevatne, Bjørgelien 63, 5141 Fyllingsdalen
33.    Toril Herland Bystøl, Kvernavegen 13, 5704 Voss
34.    Solbjørg Kirkevik Simonsen, Langarinden 315, 5132 Nyborg
35.    Venche Kleppe Færøy, 6929 Hervikbygda
36.    Unni Sissel Løtveit, Gomperudgata 38, 3031 Drammen
37.    Gyda Tveiten Lewis, Tveitavegen 233, 5282 Lonevåg
38.    Unni Siglevik Gulbrandsøy, Ospelia 12, 6065 Ulsteinvik
39.    Anna Kari Tysse Hanstveit, Vilhelm Bjerknes vei 62 B, 5081 Bergen
40.    Elin Marie T. Hylleseth, Skareveien 39 B, 5174 Mathopen
41.    Magnhild Tysse Hylleseth, Stormyrsvegen 52, 5284 Tyssebotnen
42.    Magni Gerd Tysse, Høymyrfjellet 3 A, 1389 Heggedal
43.    Marit Urdal Borsholm, Heien 21, 5037 Bergen
44.    Åshild Urdal Løvfall, Løfallstrand 112, 5474 Løfallstrand
45.    Gunny Urke, Magnus Lagabøtes Plass 4, 5010 Bergen

 


Del denne artikkel på e-post