Påmelding til konfirmasjon 2017/2018 - Informasjon

Påmelding til konfirmasjon 2017/2018 - Informasjon

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå? Kva skal eg bruke livet til? Finst Gud? Vennskap og menneskeverd. Sorg og glede. Mote og mobbing. Kjærleik, seksualitet og samliv. Miljø og rettferd. Korleis kan eg bety noko for andre? Kven er Jesus?

Her finn du meir informasjon om dei aktivitetane du kan melde deg på.

Unge Kristne

UK (Unge Kristne) samlast kvar laurdag kl. 20:00-23:00 på Hauge bedehus, først er det eit møte med song, tale og bøn. Etterpå er det kafé med mat og noko underhaldning. Om ein vel denne gruppa, er det oppmøte 5 kveldar gjennom året. Det er og mulig å gå på Impact i Lonevåg fredagar, kl. 20:00-23:00, men dette må avtalast med konfirmantleiar.

KRIK (innmelding i KRIK kr. 100.-)

Samling søndagar, kl. 15:00-18:00 (eigen plan) Fjelltur, padletur, utekino mm. Dette er ei gruppe som er ute i naturen ein søndag kvar 4 veke, det er 6 samlingar gjennom året. Første tur er 10. september med padletur på Raknes, 1. oktober med tur til Burkelandsfjellet og 12. november utekino ved Brakvatnet.  (Om ein har konfirmant som er med denne gruppa må føresette være med ein gong gjennom året på tur som leiar.)

Leir (NMS) (Pris kr. 800.- pluss reise)

Leir (19.-21. januar) på Alværa leirstad i Sogn og Fjordane. Det blir ein kjekk leir på Alværa saman med NMSU (Det Norske Misjonsselskap, Ungdom) Det blir aktivitetar, bibeltime, misjonskafe mm. (ca 35-40 plassar) (Om ein har konfirmant som skal på leir kan ein måtte stille som nattevakt eller leiar om ein er føresett/foreldre, det vil bli kravd politiattest).

Enerskileir (pris kr. 1.200.- pluss skikort)

Leir alternativ 2: Enerski leir (23.-27. februar) Leir saman med andre ungdommar frå Hordaland. Leiren er på Kvamsæter på Kvamskogen. Det er lagt opp til mange timar kvar dag i skibakken. Det er berre 8 plassar.  

Kyrkjelydsarbeid:

Du kan vere med som hjelpeleiar i trusopplæring; vere med å leie leikar for barn, delta i drama, lese fortellingar, skjere frukt og vere saman med barna. Dette er ei gruppe som krev at du er sjølvstendig, vil utvikle deg som leiar og kan følgje andre sine instruksjonar. Det er ca. 4 samlingar gjennom året.   

U-klubben

U-klubben er i kyrkjelydshuset i Haus, kl. 19:00 til 21:00, ein fredag i månaden. Når ein er med på U-klubben er ein også med på TGIF. Første TGIF er 29. september kl. 19:00-23.00 (obligatorisk for alle på U-klubben). På U-klubben er det mat, leik, kahoot, andakt m.m. Tema er misjon og ein er med på ei misjonsgudsteneste til våren.


Del denne artikkel på e-post