Invitasjon til alle song-glade!

Invitasjon til alle song-glade!

Vil du vere med i eit prosjekt-kor som øver fram mot 2. påskedag?

 

 

Invitasjon til alle song-glade frå Den norske Kyrkja på Osterøy

 

Me har gleda av å invitere alle som har lyst til å vera med i eit prosjekt-kor, i samband med gudstenesta «Påsken i ord og tonar» 2. påskedag (den 2. april) i Hosanger kyrkje, kl. 19.00. Dette vert ei gudsteneste der heile påskeforteljinga vert i fokus, i bibeltekstar og i song og musikk.

Planen er at kor-gruppa bidreg som forsongarar, som akkompagnement til solistar og syng nokre nummer åleine. Fleire av songane vil vera i gospel-sjangeren. Det vert øving følgjande dagar i Hosanger kyrkje: 7. februar, 21. februar, 7. mars og 21. mars. Alle øvingar vert frå kl. 17.30 til 19.00, og vert leia av Trent og/eller Baard. Denne gudstenesta vert ei satsing i vår, med sikte på at dette vert ein tradisjon. Fungerande sokneprest Helle Maria Wolstad er initiativtakar og koordinator, saman med Trent og Baard, som tek ansvar for det musikalske.

Me set pris på å få ei tilbakemelding frå dei som vi vert med. Send gjerne svar på e-post til baard.eikaas@osteroy.kommune.no eller gjev beskjed via tlf. 93672224.

Vel møtt til vera med å syngja!

 

                                                 Beste helsing organistane på Osterøy - Trent Bruner og Baard Eikaas

 


Del denne artikkel på e-post