Velkomen som konfirmant 2018-2019

Velkomen som konfirmant 2018-2019

Det er no mogleg å melde seg opp som konfirmant i skuleåret 2018/ 19. Dette gjer du via påmeldingsmodulen her på nettsida.

Konfirmantopplegget byggjer på 60 undervisningstimar gjennom regelmessige samlingar. Desse startar opp i september. Før undervisninga startar opp, vert det innkalla til eit informasjonsmøte, der vi fortel om opplegget og dei forskjellege valmoglegheitene og aktivitetane kyrkja kan tilby konfirmantane.

Vi ønskjer å gje konfirmantane eit variert opplegg. Derfor legg vi opp til aktivitetar som gjer at dei både vert godt kjende med kyrkja og den kristne trua og er saman om opplevingar på ungdomsklubb, leirer, og forskjellege grupper med opplevingar ute og inne.

For dei som er glad i song og musikk, vert det tilbod om å delta i eit eige opplegg, «musikk-konfirmant», der undervisninga er knytt opp mot øving og framføring av eit julespel/ musikal nest siste helga før jul og ein konsert 2. påskedag. Om dette er av interesse, så ber vi om det vert skrive inn som kommentar ved registrering.

Konfirmasjon heng saman med dåpen. Dei aller fleste konfirmantar vart døypte som born. Då lova foreldre og fadrar at dei skulle få opplæring i den kristne trua.

I konfirmasjonstida er me innom ulike tema. Til dømes: menneske, skapt av Gud, korleis leva i lag, å høyra til ein stad og identitet. Alle tema hentar innhaldet frå Bibelen og frå livet vårt. På Osterøy brukar vi eit opplegg som heiter «Konf logg». Konfirmantane får denne arbeidsboka på første samling.

Konfirmasjonstida er for alle som ønskjer å vera med. Nesten kvart år har vi nokre konfirmantar som ikkje er døypt som born. Dei kan la seg døype før konfirmasjonen. Det einaste kriteriet for å verte konfirmert, er at ein er døypt. Nokre ungdomar vel å vera med i konfirmanttida, men står over sjølve konfirmasjonsdagen.

Foreldre/føresette må bidra med mat, vakt og anna praktisk hjelp i løpet av konfirmanttida. I kvart sokn vert det vald ein føresett/forelder, som er representant for konfirmantforeldra i sitt sokn. Denne foreldrekontakten har ansvar for tett samarbeid med heimane og vil vere presten/kyrkja sitt kontaktpunkt til heimane. Foreldrekontakten er ansvarleg for innkalling til ekstraordnære foreldremøte, lister for baking/mat til undervisning og lister over vakter og medhjelparar på konfirmantsamlingar. 

Konfirmantavgifta er 750 kroner. Deltaking på eventuell leir kjem i tillegg.

 


Del denne artikkel på e-post