Påska i ord og tonar

Påska i ord og tonar

Ein ny tradisjon er i ferd med å oppstå på Osterøy. "Påska i ord og tonar" er ei gudsteneste der alle bibeltekstane blir lest opp, med musikalske innslag imellom. Mange var samla til denne gudstenesta i Hosanger kyrkje, andre påskedag om kvelden.

Fungerande sokneprest Helle Maria Wolstad hadde ideen og fekk med seg organistane, eit prosjektkor og fleire solistar. Organist Trent Bruner gjorde eit stort og flott arbeid med den musikalske delen, medan Kari Vevle og Aksel Mjøs las tekstane. Dei mange frammøtte blei begeistra for innhaldet, og viste dette med ståande applaus etterpå. Noko som gav inspirasjon til å gjenta dette neste år. Fleire av dei medverkande meldte også at dei ville vere med vidare.

Solistane: Anveig Solberg, Siri Vevle Lavik og Bjørn Tore Henriksen.
På gitar: Christoffer Henriksen.

To av årets konfirmantar tok seg av kollekten. Her saman med fungerande sokneprest Helle Maria Wolstad.


Del denne artikkel på e-post