Innsetting av Helle Maria Wolstad som sokneprest

Innsetting av Helle Maria Wolstad som sokneprest

Under høgmessa i Hosanger søndag 12. august kl. 11.00 blir Helle Maria Wolstad innsett som sokneprest i Hamre og Hosanger sokn.

Vi er alle blitt kjend med vår nye sokneprest, men det var først i juni i år at Helle Maria Wolstad blei fast tilsett som sokneprest. Ho kom til Osterøy alt i månadsskiftet august/september i fjor, og har gjort seg godt kjend i sokna. Prost Øystein Skauge kjem og står for innsettjinga. Det blir musikalske innslag av Frida Sofies husorkester. Gudstenesta blir følgt opp med kyrkjekaffi.  


Del denne artikkel på e-post