Innsetting av sokneprest Helle Maria Wolstad

Innsetting av sokneprest Helle Maria Wolstad

Søndag 12. august blei Helle Maria Wolstad innsett som sokneprest i Hamre og Hosanger sokn.

Seremonien føregjekk i Hosanger kyrkje, der soknerådsleiar i Hosanger las opp tenestebrevet frå biskopen. Prost Øystein Skauge sto for innsettinga og soknerådsleiaren i Hamre, Jenny Eikeland, kom med blomar og ei flott helsing frå kyrkjelyden der.  Frida Sofies husorkester og solistar deltok med fleire musikalske innslag. Mellom anna hadde dei skrevet ein velkomstsong til soknepresten, som dei framførde til stor begeistring. Helle Maria gler seg til å halda fram arbeidet som prest på Osterøy, no fast tilsett. På Facebook skriv ho følgjande etter gudstenesta: «Takknemlig for en flott innsetting i dag med gode ord fra prost og sokneråd og ikke minst for sangen og musikken. Spesielt var det at "Frida Sofies husorkester" og Kristoffer stilte med egenkomponert sang til meg. Ser frem til arbeidet på Osterøy fremover.»

Edvin Bratli


Del denne artikkel på e-post