Klovnane Tipp & Topp i Hosanger kyrkje

Klovnane Tipp & Topp i Hosanger kyrkje

Fredag 16.november kl.18

Klovnane Tipp og Topp besøkjer Hosanger kyrkje.

Når klovnane er på besøk, skjer det alltid noko rart. Kva har eigentleg Topp med seg i sekken? Kven er klovnane sin beste venn? Kva har dei med seg i matboksen?

Med hjelp frå alle barna, får vi nok svar på nokre spørsmål. Dessutan skal vi syngja så taket lettar. De vil også få høyra ei fin forteljing frå Bibelen.

Valestrand Barnekor syng.

Pølsefest.

Heile familien er velkommen! 5-åringar er spesielt inviterte.

Pris: Frivillig kollekt


Del denne artikkel på e-post