Osterøy kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter

Bårehuset er ferdig pussa opp

Bårehuset er ferdig pussa opp

I rekka av dugnadsprosjekt på Bruvik er bårehuset det siste som blei ferdig. Fleire kan sette punktum for ei vellukka opprusting av området rundt Bruvikkyrkja.

Frå før er kaien rusta opp. Det gamle naustet er erstatta av eit grindbygg. Parkeringsplassen er asfaltert og har fått flomlys. Kaien har fått straumuttak for båtfolket, med Vipps-betaling. Det aller meste er dugnadsarbeid. Kyrkjeleg fellesråd har vore inne med midlar, og kyrkjeringen på Bruvik har bidradd. Det same har grendarådet og private. Arbeidet med opprustingen av bårehuset er utført at Ole Johan Steiner og Erling D. Bruvik. Kledningen er skåret i Bruvikdalen. Lokalt altså. Takk til Ole Johan og Erling, og takk til alle dei andre som har bidradd tidlegare. Kykjeleg fellesråd er stolte over engasjementet til folket på Bruvik!


Del denne artikkel på e-post