Kyrkjeleg vigsel på Osterøy

Det er mogleg å gifte seg i kyrkjene på Osterøy dei fleste laurdagar, og på direkte spørsmål kan vigsel også vere andre dagar. Nokre vigselsseremoniar er store, andre er små, og dette vil vi vere med å tilpasse.

For innbyggjarar busette i Osterøy kommune, som er medlem av Den norske kyrkja, vil vigselsseremonien vere heilt gratis, og de kan sjølve velje i kva kyrkje de vil inngå ekteskap. Dersom de har folkeregistrert adresse utanfor Osterøy, vil det knytte seg utgifter til seremonien:

  • Leige av kyrkje med organist og kyrkjetenar for brudepar som ikkje er busette i Osterøy kommune kostar 3.000 kroner.
  • Dersom brudeparet er busett utanfor Åsane prosti, vil prest koste 2.900 kroner i tillegg. (justeres årleg)

De kan rekne med at prest og organist tek kontakt med dykk før seremonien for å planlegge saman med dykk.

Ta kontakt med oss på Kyrkjekontoret for å avtale tid for vigsel. Telefon: 56 19 22 80 eller du kan sende ein epost til kyrkje@osteroy.kommune.no. Du finn og kontaktinformasjonen nederst på sida.

Når ein vil gifte seg, er det fleire ting ein må ordne. Det kan vere mange spørsmål som dukker opp. Går du til nettstaden www.kirken.no, vil du få svar på mange spørsmål, og der finn du skjema, som må fyllast ut.

Vi ønskjer lukke til med planlegginga.

nyttbryllup660.jpg