Dåp

Det er høve til dåp på dei fleste gudstenestene på Osterøy. Oversikt over gudstenester kan de finne ved å starte ei dåpsregistrering. Her kan de og registrere dåp.
De vel sjølve kva kyrkje de ønskjer å ha dåp i.

I forkant av dåpen vil de bli kalla inn til dåpssamtale. Om de vil ha dåp på Osterøy, men ikkje er busette i kommunen, skal de ha dåpssamtale i den kyrkjelyden de bur, og de må ta kontakt med kyrkjekontoret der. Men det er likevel fint om de registrerer dykk hos oss.

Så er de sjølvsagt velkomne til å ta direkte kontakt med oss, om de lurer på noko. Kontaktinformasjon finn de nederst på sida.

Dåpsregistrering