Gjerstad kyrkje

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
ADRESSE: Gjerstad 7
 
Historikk
Gjerstad kyrkje vart bygd i 1870 av byggmester Ole Vangberg. Han baserte teikningane sine på teikningane til Bruvik kyrkje som han også hadde bygd. Kyrkja vart noko ombygd i 1956-57 av arkitekt O. Landmark, då fekk ho eit lite våpenhus og to sakristi. 
Noverande kyrkje er den tredje kyrkja på staden. Mellomalderkyrkja var ei stavkyrkje, deretter kom ei tømra kyrkje i 1622.
 
Orgelet i Gjerstad kyrkje er bygd av Paul Ott i 1977. Det har to manualer og pedal.
 
Meir kyrkjehistorie her, skrive av Øyvind Vevle. Han har basert det på boka "Soga om Gjerstadkyrkja". Denne boka er skrive av Johs. Litleskare, og kom i ny utgåve 1988. Ho er til sals for kr 150 på kyrkjekontoret og på Osterøy museum.



Gå til startsida
Gå til Bruvik
Gå til Hamre
Gå til Haus
Gå til Hosanger