Haus kyrkje

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Adresse: Haus 50
 
Historikk 

Haus kyrkje vart innvigd 19. mai 1874. Teikningane var laga av byggmester Vangberg, og byggmestrene Askild Aase og Mikjel Svenheim fekk i oppdrag å byggja kyrkja. 
 
Noverande kyrkje er den tredje på staden. I mellomalderen var her ei stavkyrkje, på 1600-talet (1613 ifølge ei innskrift over kordøra) kom ei tømra kyrkje.
 
Orgelet blei bygd av Heggen & Ivers i 1924. Les meir om Orgelet i Haus kyrkje.