Haus kyrkjelydshus

Kyrkjelydshuset i Haus tilhøyrer Haus sokn av Den norske kyrkja og er oppført ved hjelp av dugnad og innsamla midlar, utan offentleg stønad. For å driva huset, er det naudsynleg med gåver, dugnadsarbeid og leigeinntekter. Den årlege basaren til inntekt for huset har vore hovudinntektskjelda. 
 
Huset er ope for ulike kyrkjelege og andre kristne tilstellingar for heile Osterøy og blir leiga ut til minnemøte, konfirmasjonar, barnedåpselskap, i samband med fødselsdagar med meir.
 
Gå til historikk