Haus kyrkjelydshus - historikk

I 1972 vart det lagt planar om bygging av Kyrkjelydshus i Haus. Då kyrkja i Haus feira 100-års jubileum i 1974 var kyrkjelydshuset under oppføring, etter teikningar av arkitekt Lindstrøm (Sjå boka Kyrkjene i Haus hovudsokn, 1984).
Kyrkjelydshuset vart ei stor nyvinning for soknet. Men etter kvart synte det seg at både kjøkken og forsamlingssal hadde for liten kapasitet. Garderobetilhøva var ikkje tilfredsstillande og huset var ikkje tilrettelagt for funksjonshemma. Tanken på utviding dukka difor opp. Rundt 1990 kom det for alvor fart i saka.

Soknerådet rådde over ein god del innsamla midlar som opprinneleg var tenkte til bygging av gamleheim i Haus. Midlane vart gjerne omtalte som ”gamleheimspengane” Då gamleheims-planane ikkje let seg realisera i Haus, vedtok innsamlingsnemnda at Haus sokneråd skulle få disposisjonsretten over midlane.

Mot slutten av soknerådsperioden 1986 – 1989 hadde Osterøy kommune konkrete planar om å byggja ein aldersbustad nummer tre i Haus, mellom kyrkja og dei to eksisterande omsorgs-bustadene. I det høve kom Osterøy kommune med spørsmål til Haus sokneråd om å få overta”gamleheimspengane” som då utgjorde litt over 1 million kroner.

Soknerådet innkalla til eit eige soknemøte om saka 17. februar 1991 og fekk samrøysta tilslutnad til planane sine. Dei gjekk ut på at Osterøy kommune skulle få ta over 800 000 kr. av pengane medan resten skulle brukast til utviding av Kyrkjelydshuset. Soknerådet stilte som vilkår at kommunen gav byggjeløyve til utviding av Kyrkjelydshuset i samsvar med teikningar av Arvid Kaperdal.

Det tok mange år før kommunen kom så langt at dei fekk bruk for pengane. I ei tid med høg innskotsrente og gunstig pengeplassering gjorde dette at eigenkapitalen som skulle gå til Kyrkjelydshuset etter kvart voks seg større enn den summen som kommunen fekk hand om.

Byggjeløyve for påbygginga av Kyrkjelydshuset vart gjeve i møte for Utval natur den 16. okt. 1996. Byggjenemnda innhenta totalprisar for heile byggjearbeidet, men kostnadene synte seg å bli så høge at soknerådet ikkje kunne ta ansvar for dei kapitalkostnadene det ville medføra. Difor vedtok byggjenemnda ei gradvis utbygging i samsvar med eigenkapitalen til ei kvar tid, og for ein stor del basert på dugnadsinnsats. I tillegg til sjølve tilbygget høyrer også med utviding av kjøkkenet med heilt ny innreiing og nytt utstyr. Vidare er det laga ny garderobe, eige toalett for funksjons-hemma, reingjeringsrom m.m. Det er også kjøpt inn nye bord, stolar, gardiner m.m til forsamlingssalen, og det er montert teleslynge og videokanon. Siste hand på verket vart lagt sommaren 2009 då det vart lagt skifertak på heile huset, slik godkjenninga av huset føresette.