Orgelet i Hosanger kyrkje

Orgelet i Hosanger kyrkje er frå 1899, det er bygd av Olsen & Jørgensen.

Hosanger kyrkje har framleis det første orgelet sitt. Det vart brukt første gongen i gudstenesta påskedag 1899.

Første spor av orgelsak finst i heradsstyreprotokollen frå 1883, då vart det vedteke at Ole N. Øvsthus skulle røkja etter kostnad m.m. med å skaffa orgel. Likevel skjedde det ikkje mykje meir i saka før 1895, då sette ein ned orgelnemnd og starta innsamling. Det kom inn 1700 kr.På 100-års-minnedagen for kyrkja vart det ofra til orgel, då kom det inn 161,46.

Orgelet vart bygt av firmaet Olsen og Jørgensen, som på den tida var det store norske orgelbyggjarfirmaet. Samme firma bygde elles orgel til Bruvik i 1907 og til Hamre i 1908. Totalkostnaden vart kr. 2350. 

I samband med kyrkjevølinga i 1962 vart orgelet flytta 3 meter attover på galleriet. Orgelbyggjar H. Ivers bygde då inn ein tremulant. Elles har det ikkje skjedd store endringar med orgelet, så Hosanger kyrkjelyd høyrer stort sett same orgelklangen no som i 1899.

Disposisjon:
Principal 8 
Rørfløyte 8
Gamba 8
Oktav 4
Fløyte 4
Bordun 16

Anhengspedal.