Gravplassane ligg der med snøkåpa på


Det er vinter og lite å ta seg til på kyrkjegardane våre. Etter kvart som det blir vår, vil vi halda fram med å ta bort gamle gravsteinar på graver som er sletta. Ein del gravsteinar set vi ein raud lapp på. Med den ber vi folk ta kontakt med kyrkjekontoret, slik at vi får notert kven som er ansvarleg for grava. Dette er opplysningar som lett går i gløymeboka når det gjeld gamle graver.

 

Om ei grav som er meir enn 30 år gamal får raud lapp, og vi ikkje høyrer noko frå dei som er ansvarleg for grava, vil ho bli sletta og steinen fjerna. For eit år sidan sette vi opp slike merke på mange gravsteinar bak kyrkja på Hamre. Når våren kjem, vil vi slette gravene der vi ikkje har høyrd frå nokon ansvarlege.

Tilbake