Gjerstad kyrkje 150 år i 2020


Gjerstad kyrkje feirar 150-årsjubileum i 2020. Seint på hausten 1870 blei kyrkja innvigd. 

Det har vore kyrkje på Gjerstad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Gjerstad-kyrkja nemnd i kjeldene er 1329. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje som vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1622. 1600-talskyrkja stod til den noverande kyrkja skulle byggjast

 

Eit eldre bilete av Gjerstadkyrkja.

Gjerstad kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre i 1870.

Byggmeister for kyrkja var Ole Vangberg. Han baserte teikningane på grannekyrkja Bruvik kyrkjesom han òg hadde vore byggmeister for. Teikningane til Bruvik kyrkje var i sin tur baserte på dei laga av Frederik Hannibal Stockfleth til Fusa kyrkje (Henta frå WIKIPEDIA).

Tilbake