Småbarnsong i kyrkjesenteret i Lonevåg


Tilbod til 3 - 5-åringar

 

Vinteren og våren 2020 inviterer me igjen til småbarnsong. Samlingane fortset i kyrkjesenteret i Lonevåg (1.etg. i same bygg som biblioteket og kyrkjekontoret).

Hausten 2019 var mange barn innom småbarnsong. Det blei så flotte samlingar med desse dansande og syngjande barna. Velkomne tilbake!

Småbarnsong passar for 3 - 5-åringar som vil syngja og delta i musikkaktivitetar. 3-åringar er spesielt inviterte. Tilbodet gjeld barn frå heile Osterøy.

Samling første tysdag kvar månad:

04.02.2020 kl.16.30-17.30

03.03.2020 kl.16.30-17.30

05.05.2020 kl.16.30-17.30

02.06.2020 kl.16.30-17.30

Program:

Songstund med nye og gamle barnesongar.

Musikkaktivitetar.

Kort pause med frukt og bibelforteljing.

Barn som tidlegare har gått på babysong og småbarnsong, vil kjenna igjen nokre av songane og aktivitetane.

PÅMELDING HER

 

 

Tilbake