Steinaltaret i Hamre kyrkje


Altaret i Hamre kyrkje skal vere frå 1200-talet, seier soga. Det er murt opp i stein, med ei steinhelle på toppen, der det er laga til ei grop for eit relikvie, som truleg har vore i kyrkja, i katolsk tid. I desse dagar blir det arbeidd med å få fram igjen steinaltaret.

 

Det gamle steinaltaret har vore tildekka i årtider. I 2024 vil vi feire at Hamre har vore kyrkjestad i 1000 år, og i god tid før det, skal folk kunne sjå det gamle altaret. Vi har fått godkjend å sette inn eit glas i fronten av panelet som dekkjer altaret, og leggje ei glasplate på toppen. Nyleg var det befaring, med Kristoffer Foldøy, Åge Clausen, soknerådsleiar og Johannes Buder, som har fått oppdraget.

Tilbake