På gudstenestene i jula kan vi vere 50 personar. Vi har påmelding til nokre av desse, her på heimesida.
I gravferd kan vi samle 50 personar.
Aktivitetar for barn, unge og vaksne blir starta opp litt etter kvart. følg med på invitasjonar og heimesida/kyrkjelydsbladet.
Kyrkjekontoret er delvis stengd, og vi har heimekontor fleire dagar i veka. Du når oss på 56192280 og våre mobilnummer (dei finn du under: Kontaktar).
Kyrkjeverja skal kontaktast på telefon 980 67 960, om nokon får påvist koronaviruset og har vore innom ei av kyrkjene på Osterøy i perioden før dette blei påvist. Då vil vi kunne sette i gang varsling til dei andre som har delteke på same arrangement.
Osterøy kyrkjeleg fellesråd tar smittevern på alvor. I alle kyrkjene og på andre arrangement registrerer vi namn og telefonnummer til dei som kjem. Desse listene kan vi bruke til å varsle, om det skulle bli eit smitteutbrott. Dei blir makulert etter 14 dagar.
Vi har oppslag med 4 viktige punkt for at det skal vere trygt å gå i kyrkja:
1. Bruk handsprit / antibac
2. Hold minst 1 m avstand
Personar frå same husstand kan sitte saman
3. Bruk berre annankvar benk
4. Ta på minst mogeleg