Konfirmant i 2021? Påmelding her


Her finn du påmeldingsskjema for dei som vil konfirmere seg til neste år. Vi legg ut informasjon på nettsida, som du kan sjå på. Det er også sendt ut brev frå Den norske kyrkja etter påske i år, som seier litt om kva det betyr å konfirmere seg. Vi er klar til å ta imot deg! 

 

Undervisningsopplegget blir gjennomført i kyrkjelydshuset i Haus dette konfirmantåret. Kyrkjelydshuset ligg vegg i vegg med Haus kyrkje. Lokala er store og godt eigna også med tanke på smittevernomsyn. Undervisningstida blir onsdagar, etter skuletid. Dermed kan ein ta skulebussen til Haus på undervisning. Me tar høgde for at dei to ungdomsskulane våre sluttar skuledagen til ulike tider og legg opp programmet deretter. På samlingane blir det enkel matservering. I tillegg til undervisning vil du få i oppgåve å delta på ein del gudstenester og medvirke på nokre av gudstenestene. Det blir ikkje arrangert leir denne hausten.

Undervisningsdagar til hausten: 2. september, 30. september, 28. oktober, 25. november og 16. desember.

Sjå igjennom informasjonen, snakk med føresette og gjer dei vala som du kan i påmeldingsskjemaet. Er du usikker på noko, kan vi sjølvsagt gjere endringar i løpet av året. 

PÅMELDING TIL KONFIRMANTÅRET 2020 - 2021

Meir informasjon her!

Konfirmasjonsgudstenester i 2021:

Gjerstad kyrkje søndag 25. april kl. 10.00 og kl. 12.00
Hosanger kyrkje søndag 25. april kl. 11.00
Hamre kyrkje søndag 2. mai kl. 11.00 (om kullet blir stort, kan det bli delt i to, kl. 10.00 og 12.00)
Haus kyrkje søndag 2. mai kl. 11.00
Bruvik kyrkje søndag 9. mai kl. 11.00

Tilbake