Gudstenester Kristi himmelfartsdag


Kristi himmelfartsdag (21.mai) blir det gudsteneste i Hamre kyrkje kl. 11.00 ved Jørgen Grimelid og i Bruvik kyrkje kl. 12.00 ved Stein Hugo Fykse. Vi kan ta imot inntil 50 personar. Vi har og fått krav om å registrere namn og telefonnummer til alle, slik at det er mogeleg å varsle, om nokon skulle vere smitta av koronaviruset. Lista blir sletta etter 10 dagar. Det er trygt å komme til kyrkja. Velkommen til gudsteneste!

 

Etter gudstensta i Hamre kyrkje (21.mai, kl. 11.00) vil det bli ei dåpsgudsteneste kun for dåpsfamiliane kl. 12.00.

Søndag 24.mai: Høgmesse i Haus kyrkje kl. 11.00

Smittevernreglane ved gudsteneste - for kyrkjegjengarane:

Hold minst 1 m avstand
Vi fyller opp annakvar kyrkjebenk
Bruk antibac ved inngang og utgang
Alle får utdelt programark (ingen skal bruke salmebøkene)

Tilbake