Bispevisitas 4., 5., 6. og 9. mai 2021


Det blir bispevisitas på Osterøy 4., 5., 6. og 9 mai i år. På grunn av smittevernreglane som gjeld er programmet redusert ein del. Lenke til ny oppdatert utgåve av visitasmeldinga kan du finne nedanfor her. Vi gler oss til biskopen kjem på besøk. Påmelding til visitasgudstenesta finn du også lenger nede i artikkelen.

 

I løpet av to dagar skal biskop Halvor Nordhaug sette seg inn i det åndelege livet og korleis vi har det på Osterøy. 

I løpet av desse dagane skal han møte tilsette, frivillige og kyrkjelydane i dei fem sokna og han skal treffe representantar for kommunen. Før han kjem er det utarbeidd ei visitasmelding. Den skal gje biskopen eit innblikk i stoda her. Heile meldinga kan du lese her.

PÅMELDING VISITASGUDSTENESTA I HAUS KYRKJE 9. MAI KL. 11.00 

Søndag 9. mai vil biskopen halda visitasforedraget etter gudstenesta i Haus. Det både bør og skal gje retning til kyrkjelydane sitt arbeid dei komande åra.

Visitasmelding Osterøy 2021

Tilbake