Påmelding til konfirmantåret 2022-2023


No kan du melde deg opp til konfirmantundervisning for skuleåret som kjem og konfirmasjon til våren 2023. Alle døypte, som er fødde i 2008 og busett på Osterøy, får brev med invitasjon til konfirmantpåmelding i mai. Ver raskt ute med å melde deg på. Konfirmantavgift: kr. 950,- Evt. leir kjem i tillegg.

 

LENKE TIL PÅMELDING ER HER!

Vi vil ønskje deg velkomen til konfirmantåret, som startar opp i september. 

Konfirmantane møtes ein dag i månaden. Nokre treff blir saman med konfirmantar frå dei andre kyrkjene på Osterøy.

Me brukar Bibelen, har samtalar rundt forskjellige tema og finn ut kva det vil sei å tru på Jesus. I løpet av året blir konfirmantane kjent med gudstenesta og sakramenta som er dåp og nattverd.

Dersom du ikkje er døypt?

Du er likevel velkomen til å vere med i konfirmasjonstida, bli kjent med trua og velje om du vil døypast undervegs. For å bli konfirmert, må du bli døypt. Dette avtalar me undervegs i konfirmasjonsåret.

Betaling av konfirmantåret og konfirmantleir:

Konfirmantavgift: kr. 950,- Evt. leir kjem i tillegg. Det er alltid ynskjeleg at konfirmantane får reise på leir, men då treng me i tilfelle: VAKSNE SOM KAN VERE MED! Ein leir vil bli for alle konfirmantane i kyrkjene på Osterøy.

Aktiv deltaking

Me veit at konfirmantane får mest ut av gudstenester når dei deltar aktivt sjølv. Konfirmantane er medhjelpar på oppsette gudstenester og desse er obligatoriske. Utanom desse vel dei sjølv gudstenester dei vil gå på slik at dei, før konfirmasjonsdagen, har vore på minst åtte tilsaman. Dei gudstenestene dei vel sjølv, kan òg vere i ei anna kyrkje. Då må ein få med seg underskrift frå presten der.

Hjelpe andre 

Diakoni er teneste og omsorg for andre. I fastetida vil konfirmantane vere med på Kirkens nødhjelps fasteaksjon.

Saman på Osterøy

Det er fint å vere konfirmant saman med fleire: Me vil legge opp til nokre treff og gudstenester der me samler konfirmanter frå fleire av kyrkjene på Osterøy.

Tilbake