Tårnagenthelg 2021


TÅRNAGENTHELG blei arrangert i Bruvik kyrkje 20. februar. Barn som høyrer til Hosanger kyrkje er inviterte 20. mars kl.15-18. Invitasjon kjem i posten. Påmelding er viktigare enn nokon gong p.g.a. smittevern: PÅMELDING HER! 

Tårnagentar brukar hovudet og hjartet når dei er på oppdrag. Dei løyser gøye og viktige oppdrag saman ved å bruka sansane sine og samarbeida.

Nokre bilete frå TÅRNAGENTHELG SPESIAL 2020 ved Hamre kyrkje kan du sjå her.

 

Tårnagentane blei tatt imot ved inngangsdøra til Hamre kyrkje. Dei var klare for symboljakt og tårntur.

Agent 009 er klar for å klatra opp trappene til det høge tårnet.

Agent 002 utforskar klokketårnet.

Agent 012 og 017 får god lyd i kyrkjeklokkene.

Agent 006 brukar musklane!

Agent 013 sjekkar utsikta frå det øvste vindauget i klokketårnet.

Klokkene svingar, når agent 007 tar tak!

Agent 004 les på kyrkjeklokka: "Land, land, land. Høyr Herrens ord"

Madelen er byggmeisteren bak denne kyrkja.

Duplokyrkje: Her er det ridejentene som skal på tårnagenthelg.

Malena er kunstnaren bak denne kyrkja.

 

Kva er ein tårnagent?

Tårnagentar utforskar Bibelen, kyrkjetårnet og klokkene. Dei får vera med på gøye aktivitetar ute og inne og får viktige oppdrag, som dei løyser i grupper. Ute blir det symboljakt og inne labyrint. I 2021 legg me til rette for ei tårnagenthelg tilpassa situasjonen me er i. Tårnagentane får agentbevis, nøkkelband og tårnagentbuff. 

I 2020 kunne ikkje agentane møta inne i kyrkja. Derfor fekk tårnagentane levert tårnagentutstyr heim i postkassen sin. Agentane kunne vera med i ei trekning av ein hemmeleg premie og fekk viktige oppdrag å utføra. Høyrespel, tårnagentsong og film blei tilsendt som lenker i ein e-post. Dei som ville møta Helga, utførte eit oppdrag utanfor Hamre kyrkje ein laurdag ettermiddag. I løpet av tre timar blei det god lyd i kyrkjeklokkene og mange tårnagentar gjekk stille rundt og leita etter hemmelege symbol rundt kyrkja. 

 

 

Tilbake