Dåpsskule for 1.kl. våren 2021


Vandring i Gjerstad kyrkje startar onsdag 17. februar.

 
Dåpsskulevandring for 1.kl. våren 2021:
Det blir spennande med dåpsskulen i år. I Gjerstad kyrkje blir det laga ei løype med stasjonar rundt om i kyrkja. 1.klassingane frå heile øya kan ta med seg ein vaksen og gå denne løypa seks onsdagar før påske. Me kan tilby: Bibelfilm, lystenning, bønnetre, bilete, musikk m.m. Kyrkja er open frå kl.17- kl. 18.30 og ein kan møta når det passar i løpet av dette tidsrommet. Denne vandringa tar ca. 15 min kvar gong. Nytt tema kvar onsdag. Invitasjon kjem i posten.Tilbodet er gratis. Påmelding gjer det lettare for oss å nå ut med info.
PÅMELDING HER!

Gjerstad kyrkje blir open for 1.klassingar onsdagar mellom kl.17.00 og kl. 18.30 følgjande datoar:
onsdag 17/2
onsdag 24/2
onsdag 10/3
onsdag 17/3
onsdag 24/3

Etter desse samlingane blir det avslutning i Gjerstad kyrkje på gudstenesta palmesøndag 28/3 kl.11.00, med utdeling av diplomar til deltakarane.

Vi gler oss til å treffa barna på dåpsskulevandring!
Helsing leiarane på dåpsskulen:
Gerd Karin Njaastad og Helga Askeland Mjelstad

Tilbake