Småbarnsong i kyrkjesenteret i Lonevåg


Tilbod til 3 - 5-åringar

 

Hausten 2022 inviterer me igjen til småbarnsong. Samlingane blir i kyrkjesenteret i Lonevåg (1.etg. i same bygg som biblioteket og kyrkjekontoret).

Mange barn har vore innom småbarnsong dei siste åra. Dei har bidratt til mange flotte samlingar.  Alle dansande og syngjande barn er velkomne. Dei som er litt skeptiske er også velkomne, for å sjå om dette kan vera litt kjekt. Trusmedarbeidar, Helga Askeland Mjelstad, og kantor, Ivar Mæland, leier samlingane.

Småbarnsong passar for 3 - 5-åringar som vil syngja og delta i musikkaktivitetar. 3-åringar er spesielt inviterte. Tilbodet gjeld barn frå heile Osterøy.

Samling første tysdag kvar månad:

06.09.2022 kl.16.30-17.30

04.10.2022 kl.16.30-17.30

01.11.2022 kl.16.30-17.30

06.12.2022 kl.16.30-17.30

Påmelding her!

Program:

Songstund med nye og gamle barnesongar

Kort pause med frukt og forteljing

Musikkaktivitetar

Barn som tidlegare har gått på babysong og småbarnsong, vil kjenna igjen nokre av songane og aktivitetane.

 

Tilbake