Heilt førsteklasses!


For 1.kl.: laurdag 20. august i Hamre kyrkje eller søndag 21. august i Gjerstad kyrkje

 

Heilt førsteklasses er eit tilbod til 6-åringane ved skulestart. Dette gjeld førsteklassingar på heile Osterøy. Dei får eiga samling og mottar 6-årsbøker. Samlinga blir tilbydd i to av kyrkjene våre og ein kan velja kvar ein vil møta. På samlinga får førsteklassingane sjå og høyra ei forteljing frå Bibelen, dei lærer songar frå 6-årsboka og lagar noko saman. Me brukar rom i kyrkja, som barna elles ikkje får sjå. Bollar og frukt blir servert. Invitasjon kjem i posten til medlemmer i Den norske kyrkja. Alle førsteklassingar er hjarteleg velkomne til å melda seg på! Ein vaksen følgjer barnet.

Laurdag 20.august kl.12.00-14.00 i Hamre kyrkje

Søndag 21.august kl.12.30-14.30 i Gjerstad kyrkje

Det er mogleg å velja kyrkje og tidspunkt som passar best. Me gler oss til å møta førsteklassingane!

PÅMELDING HER!
 

Tilbake