Kode B for 5.kl. fredag 28. januar


Ein kjekk dag i Haus kyrkjelydshus for 5.klassingar.

 

Kode B

Tid: Fredag 28.januar 2022 (planleggingsdag på skulane) kl.10-16

Stad: Kyrkjelydshuset i Haus (like ved kyrkja)

Begrensa plassar: max 20 deltakarar

Dersom du blir 11 år i 2022, håpar me du har lyst å vera med på Kode B. På Kode B blir det song, dans, filmsnutt, leik, quiz, forteljing og servering av frukt og middag (tacosuppe). Kr.100,- betalar ein via VIPPS eller ved inngangen. Du må ha med deg skikkeleg yttertøy til uteaktivitet.

5.klassingar på Osterøy kan få Det nye testamentet, Godt nytt, utdelt i løpet av skuleåret. Mange fekk utdelt boka på Lys Vaken før jul. Den blir også utdelt på Kode B, til dei som ikkje allereie har fått den. Kode B kan hjelpa deg å bli betre kjent med denne boka. Håpar å få møta deg i kyrkjelydshuset 28.januar!

PÅMELDINGSFRIST: 25. JANUAR!

Tilbake