Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Høge straumutgifter - sparetiltak ved kyrkjene


Du vil alltid få ein varm velkomst i kyrkjene våre, men på grunn av svært høge straumutgifter vert det litt lågare brukstemperatur ei tid framover.

Som alle andre, har kyrkja på Osterøy opplevd ei kraftig auke i straumutgiftene sine denne hausten. 

Det er allereie gjort tiltak i dei ulike kyrkjene med å senke temperaturen i romma og aktivitetar er flytta ut av kyrkjene til kyrkjelydshus o.l. Nattlysa er også slått av. 

Desse tiltaka åleine er diverre ikkje nok, og fellesrådet har no gjort følgjande vedtak:

  • Vi skal søke Osterøy kommune om ekstra straumtilskot.
  • Vi vil redusera brukstemperaturen i kyrkjene til 19C.

Fellesrådet forstår at einskilde kan oppleve 19 gradar som for kaldt, men trur alternativet på sikt er verre. 

Tilbake