Eidsvika gravplass er gammal. For ein del år sidan blei den fornya. Terrenget blei heva, og ein kunne starte med å gravleggje på nytt. Nokre gamle graver er der framleis, men her er ein av stadane vi har god plass i åra som kjem. Du finn han i det du køyrer forbi idrettsbana på veg mot Votlo, frå Haus. Utsikten kan ein ikkje klaga på.