Gjerstad gravplass


Gjerstad gravplass ligg ved kyrkja. Her er det nær 1450 graver, delt opp i 6 felt innanfor murane til kyrkja. Den nye gravplassen, over vegen, er delt inn i 13 felt. Teikninga nedafor viser kor dei ulike felta er. Er du på leit etter ei grav, og ikkje veit heilt kor den er, så kan du kontakte kontoret på tlf 56 97 88 30 og få opplyst kvar grava ligg.

Gravplassmyndigheita kan ta på seg stell av graver, for dei som finn det vanskeleg å klare dette sjølv.

Ser du ein raud lapp på ei grav som høyrer til i familien, betyr det at vi ikkje veit kven som er ansvarleg for den. Vi oppmodar på det sterkaste til å ta kontakt med kontoret, og gje opplysning om kven som kan eller vil vere ansvarleg. Det er mange grunnar til at vi ikkje har denne informasjonen. Når folk som er busett utanfor kommunen og ansvarleg for ei grav her, døyr, og vi ikkje får melding om kven som tek over ansvaret, er den mest vanlege grunnen. Når folk flyttar, hender det og at vi misser kontakten.

 

 

 

Tilbake