Eidsvika gravplass (Haus)


Eidsvika gravplass ligg ved innkjørsla til Haus skule på vegen mot Votlo. Her er det nær 85 graver, i eit felt. Dette er den minstre gravplassen på Osterøy, og høyrer til Haus sokn.

Gravplassmyndigheita kan ta på seg stell av graver, for dei som finn det vanskeleg å klare dette sjølv.

Ser du ein raud lapp på ei grav som høyrer til i familien, betyr det at vi ikkje veit kven som er ansvarleg for den. Vi oppmodar på det sterkaste til å ta kontakt med kontoret, og gje opplysning om kven som kan eller vil vere ansvarleg. Det er mange grunnar til at vi ikkje har denne informasjonen. Når folk som er busett utanfor kommunen og ansvarleg for ei grav her, døyr, og vi ikkje får melding om kven som tek over ansvaret, er den mest vanlege grunnen. Når folk flyttar, hender det og at vi misser kontakten. 

Tilbake