Klokketårnet i Mjeldalen pussa opp


I 2017 fekk kyrkjeverja klage på manglande vedlikehald av gravplassen og klokketårnet i Mjeldalen. I 2018 blei klokketårnet pussa opp. Det er skifta dør og vindauge, området framom tårnet er gruslagt, ein mur er komen opp, nye takrenne er på plass og trappa er reparert.  I august blei klokketårnet klargjort for maling og malt. Det var ei gåve frå Martha J. Mjelde (1866 – 1957) som førde til at ein fekk sett opp klokketårnet i Mjeldalen ein gong på 1950-talet. Ei minneplate er sett opp ved inngangen. Tidlegare har Mjeldalen kyrkje stått på denne plassen.

 

Bilettekst: Irene Midtun, Geir Atle Mjelde og kyrkjeverje Edvin Bratli gjer klart for maling av tårnet. Det er kyrkjegardsarbeidaren Roger Birkelund som har gjort det største arbeidet med god hjelp frå Sigurd Revheim før malararbeidet tok til.

Tilbake