På Osterøy har vi prestebustad på Haus og i Hosanger. Begge er eigd av Opplysningsvenets Fond. Begge er staselege bygg, som ligg vakkert til ved sjøen, tett opp til kyrkjene. Den norske kyrkja har i alle år hatt ei ordning med å halda prestane med bustad. Men slik er det ikkje lenger. I 2015 blei ordninga med buplikt for prestar oppheva. Etter press frå prestane, som sjølv ville avgjere kor dei ville bu.
Vi ser at det er ein skilnad på by og land, når det gjeld prestebustadane. I byar og tettbygde strøk er det lett å kjøpe og selje bustad. Kjem ein ut på landet, som td. Osterøy, så er det fleire argument for å ha tilbod om å leige ut bustad til prestar som søkjer seg hit. Det viktigaste argumentet er at prestane bur i eller nært soknet dei skal arbeide i. Difor ønskjer Kyrkja på Osterøy at vi skal halde på desse to bustadane, for dei prestane som skal ha si teneste her.