Sunnivaskrinet og ortodoks vesper i Hamre


Fredag 4.september kom jubileumsturen for St. Sunniva til Hamre kyrkje. Dei hadde med ein kopi av Sunnivaskrinet, der hennar levningar blei frakta frå Selje til Bergen for 850 år sidan. Fader Teodor heldt ei ortodoks vesper i kyrkja, noko som blei ei fin oppleving for ei fullsett kyrkje (etter koronarestriksjonane). 

 

Bilete frå stoppet på Hamre:

Frå 28. august til 5. september var det seglas med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja til Bergen. Med på vegen er Sunnivaskrinet og ungdomspilegrimar frå ulike kyrkjesamfunn. Undervegs bidro dei med lesning og bøner.

Ferda gjekk i etappar langs denne leia: Selja - Kalvåg - Kinn - Svanøy - Askvoll - Korssund - Hyllestad - Eivindvik - Kilstraumen - Lygra - Hamre – før turen enda opp i Bergen. der var det lagt opp til eit flott program i Sunnivafestivalen (4.-9.september).

 

 

Tilbake