Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Diakoni og omsorg


Jesus nytta begrepet diakonos (tenar) om seg sjølv. Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjalp menneske. Han helbreda sjuke og han ga utstøytte ein plass i fellesskapet. I følgje Bibelen nytta Jesus begrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. 

Diakoni er derfor evangeliet i handling. Det dreier seg om nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Spennet er stort frå den kvardagslege omsorgen for naboen, via arbeid for klima, til internasjonalt engasjement for nedkjemping av fattigdom. 

Diakonien ønskjer å fremje respekt og verdigheit, vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får ta vare på rettane sine.

Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja (henta frå Plan for diakoni):

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste

Plan for diakoni (DNK nynorsk)


Visjonen for den diakonale tenesta til Den norske kyrkja:
«Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjord gjennom liv og teneste.»

Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja. Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.»

Kyrkja er gitt et særskilt oppdrag å tene menneskjer og hele skaparverket. Diakoni er ikkje bare tiltak og aktivitetar, den utgjer også en dimensjon. Målet er at diakonien skal være ein grunntone i alle forhold i kyrkjelyden. All diakonal omsorg bygger på gjensidigheit, likeverd og respekt for den andre.

Diakoniens teologiske grunnlag peiker på dette: Å gjere troa vyrksam i handling, betyr å spørje på ny og på ny: Kven er min neste? (Lukas 10,25-37). Det er å stille seg til disposisjon, både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: «Kva vil du eg skal gjere for deg?» (Lukas 18,41). Det er å dele fellesskap og resursar med marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matteus 25,35ff). Oppdraget til å gjere det gode er nedlagt i alle menneskjer (Rom 2,14). Kristus kallar til felles teneste med alle menneskjer, til det beste for menneskjer og jorda.

Med utgangspunkt i de 4 områdane: nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd, har vi sett på korleis kyrkjelyden kan jobbe med tiltak kor disse områdane blir konkretisert. Vi kan ha mange drøymer og ynskjer, men vi trur det er viktig å være realistisk og sjå tiltak i samanheng med kva behov som finnes i lokalsamfunnet og kva for resursar som er tilgjengelege.

Det har skjedd mange endringar i kyrka og samfunn de seinare åra og Den norske kyrkje kom derfor med en revidert Plan for diakoni i 2020: Vi har tatt utgangspunkt i denne ved utarbeiding av diakoniplan for kyrkjelydan på Osterøy.

2030-agendaen med Berekraftsmåla representerer ein felles agenda som kyrkjene deler med statar, kommunar, næringsliv og ulike aktørar i sivilsamfunnet. Berekraftsmåla er verdas felles mål for å kjempe mot fattigdom, verne om livet på jorda og skape fredelege og berekraftige samfunn for alle. Mange av måla har tema som kyrkjer har vært opptatt av og kjempa for i lang tid. Derfor er dei eit nyttig rammeverk både for å fortolke kyrkjas eige samfunnsengasjement, og for å utvikle og fordjupe samhandling med kommunar og andre aktørar.

Denne planen gir ikkje en oversikt over alt diakonalt arbeid som skjer i kyrkjelydan. Det er mange enkeltpersonar som engasjerer seg for sine medmenneske og som gjer mykje diakonalt arbeid utan at det er nemnt her. Det 2 skjer også mykje godt diakonalt arbeid i barne- og ungdomsarbeidet vårt. Dette kjem heller ikkje fram i denne planen, men me viser her til trusopplæringa i kyrkja.

Sist, men ikkje mindre viktig, denne planen er ikkje til hinder for engasjement og initiativ til nye tiltak når vi ser nye behov og moglegheiter. Vi må stadig stille oss spørsmåla: Kordan rører samfunnsutfordringane med oss som kyrkje, og på kva slags måte utfordrar det oss til handling og engasjement? Kor er ressursane og kor er utfordringane? Refleksjon rundt disse spørsmåla i sokneråda, diakoniutvala og i staben, samen med dei det vedkjem, kan gi oss hjelp til å prioritere det viktigaste.

Høsten 2025
Soknerådet på Osterøy


Tusen takk til Trude Munkvold, diakon på Askøy som så raust har delt Ask menighet sin gjennomarbeidet og godt formulert diakoniplan med oss og gitt oss tilgang til i å bearbeide og tilpasse deres diakoniplan til vårt bruk.
 

DEL 1: Nestekjærleik

I praksis handlar det både om små enkle handlingar og store tiltak. Nestekjærleik vert til i møte med andre menneskjer. Det er periodar i livet kor man har evne og moglegheit til å gje, andre gonger trenger man sjølv å få. Ein del av diakonien er å bere byrdene for kvarandre.

1.

Samtale / Besøksteneste

Målsetting

Imøtekomme mennesker som ynskjer samtale og heimebesøk.

Tid for gjennomføring

Ved behov og etterspørsel

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Prestane og eventuelle frivillige

Ansvarleg for å koordinere dette

Prestane

 

2.

Teneste på Osterøytunet

Målsetting

Ivareta mennesker ved livets slutt, både gjennom samtaler og soknebud

Tid for gjennomføring

Prestane er tilstede på Osterøytunet ved behov/ etterspørsel

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Ansatte på Osterøytunet

Ansvarleg

Ansatte på Osterøytunet og prestane

 

3.

Ivaretakelse av sørgende

Målsetting

Ivareta sørgende, gjennom sørgesamtaler og individuelle samtaler og besøk. Synliggjøre tilbodet i sorgbrosjyre og gjennom andre aktuelle kanalar.

Tid for gjennomføring

Sørgesamtaler

Tid for evaluering

En gang i året

Ressursar og samarbeid med

Prestane og eventuelle frivillige.

Ansvarleg

Prestane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

4.

Dele ut blomster til etterlatte

Målsetting

Kyrkjelyden ynsker å vise omsorg overfor dei som har mistet ein av sine kjære i løpet av året som har gått.

Tid for gjennomføring

Kvart år før jul

Tid for evaluering

I påfølgjande soknesrådsmøte

Ressursar og samarbeid med

Soknerådet og andre frivillige.

Ansvarleg

Soknerådet

 

 5.

Felles sorggruppe i prostiet

Målsetting

Tilby sorggruppe

Gje sørjande verktøy til sorgarbeidet.

Tid for gjennomføring

 

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Diakonene og frivillige

Ansvarleg

Diakonene i prostiet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

6.

Allehelgen

Målsetting

Ivareta dei som kjenner savn etter ein av sine nære som har gått bort. Inviterer til minnegudstenestar. Brev sendes ut til alle som har mistet nokon det siste året. Det deles ut lys med liten helsing etter minnegudstenestane.

Tid for gjennomføring

Allehelgen, første helg i november

Tid for evaluering

I etterkant av gjennomføring

Ressursar og samarbeid med

Ansatte og frivillige

Ansvarleg

Prestane og kirkemusikerne

 

DEL 2: Inkluderande fellesskap 

Inkluderande fellesskap er eit viktig uttrykk for kyrkjas medmenneskelege omsorg. Vi er skapt til å være ein del av eit fellesskap. I dette fellesskapet møtes eit stort mangfald av menneskjer. I eit inkluderande fellesskap skal den enkelte både sjå og bli sett. Der gis gjensidig trøyst og hjelp, der frigjerast nye krefter og nytt håp.

7.

Haus pensjonistlag

Målsetting

Invitere til hyggelige og inkluderande fellesskap med rom og plass for alle.
Det er servering av varm mat, inviterte gjestar og musikk i Haus kyrkjelydshus.

Tid for gjennomføring

Haus pensjonistlag samlast den andre tirsdagen i månaden

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Egne komite, frivillige, organist og ein gong i semesteret prest

Ansvarleg

Egne komitee

 

 

8.

Vaffelfredag i kyrkjesenteret i Lonevåg

Målsetting

Invitere til hyggelige og inkluderende fellesskap med rom og plass for alle.

Gratis vaflar.

Tid for gjennomføring

Den siste fredag i kvar månad kl.11.00-14.00

Tid for evaluering

 

Ressursar og samarbeid med

Frivillige og organist

Ansvarleg

Frivillige

 

 

 

 

 

 

 

9.

Gudstenestar og andaktar på Osterøytunet

Målsetting

Gji eldre og syke ved institusjonar og bofellesskap tilbud om gudstjenestefellesskap og sosialt samvær

Tid for gjennomføring

To gangar i måneden. Ikkje om sumaren.

Tid for evaluering

To gangar i året

Ressursar og samarbeid med)

Prester, organist, frivillige og Osterøytunet

 

10.

Gudsteneste med kyrkjekaffi

Målsetting

Kyrkjekaffien har som mål å være ein inkluderande og sosial arena hvor vi kan bli kjende med nye.

Tid for gjennomføring

Etter gudstenestane

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Kyrkjelyden; frivillige og ansatte

Ansvarleg

Gudstenesteteam og soknerådet

 

11.

50 års konfirmantar

Målsetting

Kyrkjelydsbyggande tiltak

Tid for gjennomføring

Ein gong kvart år/anna kvart år

Tid for evaluering

 

Ressursar og samarbeid med

Kyrkjelyden; frivillige og ansatte

Ansvarleg

Gudstenesteteam, prest og soknerådet

 

12.

Samarbeid med andre kommunale instansar/aktører og andre frivillige organisasjonar

Målsetting

Styrke vår relevans i lokalsamfunnet ved samarbeid mellom kommune og andre frivillige organisasjonar og aktører når det er rom og moglegheit for det (jmf. Berekraftsmåla 17). Eksempelvis: Gudsteneste på Ole Bull ferga 1. Pinsedag, kveldsmåltid på osterøymuseet etter Olsokgudsteneste og samarbeid med skulane. Beredskap og tilbod om open kyrkje?????

Tid for gjennomføring

Eks. Etter gudstenestane

Tid for evaluering

Etter kvart samarbeid

Ressursar og samarbeid med

Kyrkjelyden; frivillige og ansatte

Ansvarleg

Gudstenesteteam og soknerådet

 

DEL 3: Vern om skaperverket

Gud vil at mennesket skal ta vare på jorda. Vi skal bruke jordas ressursar, men ikkje drive overforbruk. Kyrkja forstår mennesket som avhengig av alle detts relasjonar; til Gud, til medmennesket, til seg sjølv og til resten av skaparverket. Engasjement for klima og miljø bør være ein følge av ein slik forståing.

13.

Kildesortering ved kyrkjekontoret i Lonevåg

Målsetting

Ta vare på resursane og gjennbruke meste mulig.

Tid for gjennomføring

Kontinuerleg

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Ansatte med kontor i kyrkjesenteret

Ansvarleg

Ansatte med kontor i kyrkjesenteret

 

14.

Bruke svanemerkede regjøringsmidler i Haus kyrkjelydshus

Målsetting

Ta vare på miljøet, Guds skaparverk

Tid for gjennomføring

Kontinuerleg

Tid for evaluering

 

Ressursar og samarbeid med

Dei som er innkjøpsansvarlig og bruker kyrkjelydshuset

Ansvarleg

Ansatte

 

15.

Skaparverkets dag

Målsetting

Invitere til gudsteneste med særleg fokus på skaparverket

Tid for gjennomføring

Ein søndag i året

Tid for evaluering

Første stabsmøte og soknerådsmøte etter gjennomføring

Ressursar og samarbeid med

Prestane, soknerådet, ansatte og frivillige

Ansvarleg

Soknerådet/ prestane

 

DEL 4: Kamp for rettferd

Kampen for rettferd inneberer eit aktivt engasjement for våre medmenneske. Ein del av diakoniens oppdrag er å bidra til å endre samfunnsmessige strukturer som fratar menneskjer livsmoglegheiter. Å vise solidaritet er å ta opp kampen for rettferd og fred både i et lokalt og et globalt perspektiv.

16.

Kirkens Nødhjelp gudsteneste og fasteaksjon

Målsetting

Skape engasjement for global rettferd og for menneskeverdet. Informere kyrkjelyden om fasteaksjonens prosjektar og oppmuntre til solidaritet.

Tid for gjennomføring

Fastetida

Tid for evaluering

Første stabsmøte og soknerådsmøte etter gjennomføring

Ressursar og samarbeid med

KN sin ressursbank, konfirmantar, frivillige og ansatte.

Ansvarleg

Soknerådet og ansatte

 

17.

Følge opp misjonsprosjektet i Thailand og Kamerun

Målsetting

Fremme misjonsinteressen i kyrkjelyden. Informere om prosjektet, samle inn pengar, skape engasjement for ytremisjon.

Tid for gjennomføring

2-3 ganger i året

Tid for evaluering

Kontinuerleg

Ressursar og samarbeid med

Informasjon frå Norsk Misjons Selskap

Ansvarleg

Soknerådet og ansatte

 

18.

Søndag for dei forfulgte

Målsetting

Gjere menigheten bevisst og lære opp til diakonal, solidaritets tenkning.

Tid for gjennomføring

Ein gudsteneste i året, kvar november

Tid for evaluering

I etterkant av gjennomføring

Ressursar og samarbeid med

Ressursbanken i kirken, Stefanusalliansen og Åpne Dører

Ansvarleg

Prest og frivillige

 

Tilbake