Open Hamrekyrkje - 22.juli - kl. 16.45 - 19.30


Hamre kyrkje vil vere open etter minnemarkeringa for 10-årsdagen for terroren 22.juli 2011 ved rådhuset. Ei stille stund, lystenning, musikk.

 

Programmet for dagen kan du finne på kommunen si heimeside.

Den 22. juli er det 10 år sidan regjeringskvartalet i Oslo og sommarleiren til AUF på Utøya vart utsette for to store terrorangrep. Torsdag 22. juli vert det invitert til markering utanfor Osterøyhallen kl. 15.30.

• Velkomen ved Ordfører Lars Fjeldstad.
• Minneord om dagen ved Astrid Tveiten
• Minneord om Tore og Tarald ved Lars Fredrik og Henrik Selstø
• Kulturelt innslag
• Tematikken rundt 22. juli ved Nikolas Skjerping
• Kulturelt innslag
• Representant for kyrkja seier nokre ord
• Praktisk informasjon om videre markering.
• Avslutning ved Ordføraren - Flytting til minnesmerket.
• Kransenedlegging ved minnesmerket.

Arrangør: Osterøy kommune.

Det vert open kyrkje på Hamre i etterkant av arrangement i Lonevåg. 

Arrangør: Kyrkja på Osterøy

Tilbake