Frå 1.november i 2024 til 1.mars 2025 vert Hamre kyrkje stengt for gudstenester, gravferder, skulegudstenester og konsertar, med nokre få unntak.
Dette grunna problemer med å regulere varmen i kyrkja vinterstid. Kyrkja er vanskelig å få varm om vinteren og både besøkande og ansatte frys i kyrkja på denne tida. Soknerådet har difor valt å stengje kyrkja i samsvar med Bjørgvin bispedøme. Minnegudstenesta 3.november, gudstenesta 24.november og julaftangudstenesta vil likevel gå som vanleg.
Gravferdsseremoni frå Hamre vil skje i Gjerstad kyrkje med køyring til Hamre gravplass.
Gudstenester ellers vil vere i Hosanger kyrkje.