ETTER SKULETID i kyrkjelydshuset for 5.-7.klassetrinn v/Haus skule startar opp igjen fredag 12. september.
Annankvar fredag kan dei eldste elevane ved Haus skule gå rett til kyrkjelydshuset etter skuletid. Der får dei servert hotdogs. Etter mat får ein sjå, høyra eller dramatisera ei Bibelforteljing. Så blir det felles leik, kortspel, brettspel og formingsaktivitet. Avslutning kl.15. Me håpar dette tilbodet kan vera eit godt alternativ til å gå rett heim etter skuletid. For at me skal ha nok mat og utstyr til alle, har me påmelding.
Pris pr. samling: kr.30,- kan betalast via Vipps nr.: 547323
Datoar: 12. september, 26. september, 10. oktober (skulefri), 24. oktober og 7. november (skulefri)
PÅMELDING HER!
Helga Askeland Mjelstad (Trusmedarbeidar i kyrkja) organiserer ETTER SKULETID, saman med fleire frivillige medarbeidarar.