Osterøy sokneråd > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar


Osterøy sokneråd har forvaltaransvaret for 5 kyrkjer og 8 kyrkjegardar/gravplassar på Osterøy. Vi har ein medarbeidar som har sagt opp stillinga si. Stillinga er ledig frå 15.juni 2026.

 

Kyrkjegardsarbeidar i 40 % fast stilling

Stillingsressursen på kyrkjegardane er fordelt på to personar, der den andre har 50 % stilling. Desse skal sikre god og forsvarleg drift av kyrkjegardane.

Viktige arbeidsoppgåver:

Kyrkjegardsarbeidaren skal:

  • yte god service overfor kyrkjegarden sine brukarar
  • ha ansvar for stell av kyrkjegardane og lettare nødvendig vedlikehald
  • medverke til at lover og forskrifter blir følgde
  • ha ansvar for graving i samband med gravferder og bisetjingar.
  • kunna få ansvar for praktisk tilrettelegging ved gravferder.

Vi søkjer ein person som både kan møte sørgjande og andre brukarar av kyrkjegardane på ein fin måte. Søkjar må kunne handtera minigravar og transport av denne mellom gravplassane på liten lastebil. Utdanning innan gartnarfaget eller kjennskap til hagestell vil vere ein fordel.  

God opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt.

Løn etter avtaleverket.

Søknad kan sendast til post.osteroy@kyrkja.no

Kopi av vitnemål og attestar tar ein med på eit eventuelt intervju.

Nærare opplysningar får du ved å venda deg til kyrkjeverje Linda Gripsgård Lunga, tlf. 56978831, mobil 9060489, e-post: LL362@kyrkja.no

Søknader vert vurderte etter kvart.

Søknadsfrist: 07.06.26

Tilbake